Det du treng å vite...

Bilde av Firda vgs frå skuleplassen mot Gamlebygget

Firda vidaregåande skule har totalt ca 370 elevar og 70 tilsette, og ligg på Sandane i Gloppen kommune.

Kvar finn du oss

Firda vidaregåande skule ligg sentralt plassert på Sandane. Det tar berre 5 minutter å gå til skulen frå busstasjonen. Skulen ligg på ein høgde bak Sandane sentrum. Rett ved Firda vgs, finn du også Trivselshagen kultur med bibliotek, kantine, kino, kultursal og kulturskule. Rett over elva ligg Trivselshagen bad og idrett med fleire idrettshallar, klatrevegg, turnhall, treningsrom og stort badeannlegg. Gloppen ungomsskule og Sandane barneskule ligg også i nærleiken av Firda vgs. 

Kontaktinfo

Firda vidaregåande skule
Firdavegen 21
6823 Sandane

Tlf:   57 63 85 00
Epostpostmottak.firdavgs@vlfk.no

Resepsjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 08.30 - 13.00.

Toppidrett.jpg

Tilsette ved skulen

Vi har meir enn 70 tilsette på skulen vår. Rektor Hallgeir Hansen har vore tilsett sidan 2012. Du kan lese meir om leiargruppa og dei tilsette her.

Dette synes vi er viktig

Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Vi har difor bordtennisbord i fellesarealet, alle elevane har tilgang til treningsrommet og vi har eit eige rom for øving dersom du er musikkinteressert.

Skulebygg

Her finn du meir informasjon om dei ulike skulebygga som er knytt til Firda vgs.

Tilgjenge

  • Skulebygga er tilrettelagt med rampe og heis for rullestolbrukarar
  • På skuleplassen er det ledelinjer mellom bygga for mennesker med ulike synshemmingar
  • Det er teleslynge i kultursalen og kinosalen. I tillegg kan vi innstallere lydutjamningssystem i klasserom viss elevar har behov for det.

På nettsida til Bygg for alle kan du lese om korleis tilgjenge til skulen er.

Skulen sin historie

Skulen vår har vore i drift sidan 1968. Sidan den gong er den bygd på og modernisert fleire gonger. Meir om skulen sin historie