Hopp til hovedinnhold

Musikk, dans og drama

Kvart år sett musikk, dans og dramaelevane opp ein musikal i lag. Dette bildet er frå musikalen Grease.

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Firda vgs er den einaste vidaregåande skulen i Vestland fylke som har alle tre programområda innan musikk, dans, drama samla på same skule. Dette gjev gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid mellom dei kreative linjene, godt fagmiljø og spanande prosjekt på tvers av MDD-klassane.

Musikk

Er du glad i song og musikk, eller spelar eit instrument, så kan musikklinja vere noko for deg. Her får du generell studiekompetane samtidig som du fordjupar deg i interessa di.

Les meir om musikklinja

Dans

På danselinja får du lære meir om dans og fordjupe deg i ulike stilar som ballett, klassisk og moderne dans.

Les meir om danselinja

Drama

Likar du å vere kreativ og samarbeide med andre? Synast du det er spanande å fortelje ulike historier, utforske roller og skape teater med andre? Då er dramalina på Firda noko for deg!

Les meir om dramalinja

Vegen vidare

Musikk, dans, drama er studieførebuande utdanningsprogram. Det betyr at du får generell studiekompetanse og kan søkje deg inn på høgskular og universitet for vidare utdanning. 

Bilde frå muskalen Grease som elevane på musikk, dans, drama satte opp i 2020.

Musikal

Firda vgs har tradisjon for å ha eit stort fellesprosjekt for vg3-elevane frå musikk, dans, drama. Dei siste åra har dette vore musikal.
Her kan du sjå omtale og video frå dei ulike oppsetningane.