Er du glad i å danse og bevege deg? Har du lyst å utvikle deg innan dans, samarbeide med andre og jobbe kreativt for å skape nye koreografiar? Då er danslinja noko for deg.
Bildegalleri dans

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Kvifor velje danselinja?
- På danselinja kan du skaffe deg generell studiekompetanse medan du dyrker interessa di for dans
- Danselinja førebur deg til høgare studie innan dans
- Du vil lære ulike danseteknikkar innan klassisk ballett, jazzdans og moderne/samtidsdans
- Du vil lære å skape dans (koreografi), dansehistorie, treningsdag, fokus på kropp og helse, og vere i kreative prosessar
- Danseforestilling kvart år
- Du får mykje sceneerfaring gjennom ulike danseforestillingar, visningar i inne- og uterom, musikal mm.
-
Gjer det mogleg å utvikle seg vidare innafor dansen i eit inspirerande miljø

Programfag på dans
Undervisninga på danselinja består av teoretisk og praktisk undervisning. Den teoretiske undervisninga gir forståing og inspirasjon til det praktiske arbeidet.
Opptaksprøve
Dersom det er stor søknad til danselinja, vil det bli arrangert ei frivillig opptaksprøve. Tilbodet går til primærsøkjarane.
Slik føregår opptaksprøva:
Praktisk del 90 min:
- Danselærarane underviser øvelsar frå minst to ulike dansestilar.
- Her er du saman med dei andre søkjarane til danselinja.
Samtale, individuelt:
- Vi ynskjer å bli kjent med deg som søkjar, og vil gjerne høyre om motivasjonen din for å gå på danselinja.
- Det er også spennande og høyre kva erfaring du har innan dans, eller andre interesser.
- Her kan du stille spørsmål om studiet og skulen.
Velkomen som søkjar hjå oss på danselinja!
Søknadsfrist: 1. mars
Kontaktino
Har du spørsmål om danselinja, ta kontakt med: