Hopp til hovedinnhold

Klassisk ballett

Filmen viser elevar som utøvar klassisk ballett til klassisk musikk. Filmen inneheld ingen tale.

Den klassiske balletten er den eldste av dei sceniske danseformene. Den har sitt opphav frå dei italienske, franske og engelske hoffa under renessansen, og utvikla seg vidare fram mot romantikken til å få den forma vi kjenner att i dag. Typiske element som er med i denne teknikken er utoverrotasjon i hoftene (det at ein vrir beina ut frå hofteleddet for å framheve linja i foten) ein stabil og sterk overkropp og armar som er avrunda. Det vert dansa til klassisk musikk. Typiske eksempel på den klassiske dansen er ballettane Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren. 

Jazzdans

Filmen viser elevar som utøvar jazzdans til musikk. Filmen inneheld ingen tale.

Jazzdansen utvikla seg i krysningspunktet mellom klassisk ballett og afrikansk dans. Difor kan vi sjå igjen arbeidet med linjer som dei er opptekne av i klassisk dans i jazz, samtidig som den har element frå afrikansk dans, spesielt når det gjeld bruk av overkropp (skyve brystkassa bak/fram/sidelengs). Jazzdansen inneheld mange ulike dansestilar, som musikal, afro, lyrisk jazz, hip-hop og stepp for å nemne nokre. Uttrykket i dansen føl ofte stemning og rytme i musikken. Musikkbruken er friare enn i klassisk, og kan være samansett av ulike sjangrar. I jazz jobbar vi med koordinasjon, bruk av dynamikk, rytmesans, fleksibilitet og personlig uttrykk.

Moderne dans

Filmen viser elevar som utøvar moderne dans til musikk. Filmen inneheld ingen tale.

Moderne dans vart utvikla som ein motreaksjon til den klassiske balletten, og arbeider difor ofte med beina i parallell og kurver framover og til sida i overkroppen. Ein står alltid på beina i klassisk ballett, medan ein i moderne dans også kan bruke ulike overflater av kroppen (rygg, overarm, underarm, hofter, bakende, bakside lår, framside lår, leggar, fotblad osb) mot golvet.Eksempel på kjente norske kompani som arbeider med moderne dans er Carte Blanche, Jo Strømgren Kompani og Panta Rei danseteater.