Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Bilder frå helsefag tilrettelagt for vaksne med anna morsmål enn norsk.

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.

På Firda vgs har vi to utdanningstilbod tilrettelagt for vaksne:

  • Helsefagarbeidar
  • Tannhelsesekretær

Begge tilboda er lagt opp etter Gloppenmodellen som er ein vekslingsmodell kor ein vekslar mellom opplæring på skule og opplæring i bedrift/praksisfeltet. Begge tilboda er tilpassa vaksne med anna morsmål enn norsk. 

Opplæringstilbodet hausten 2022

Gloppenmodellen

Helsefag for framandspråklege vart starta opp som eit pilotprosjekt ved Firda vidaregåande skule hausten 2013. Bakgrunnen for prosjektet var eit samarbeid mellom NAV Gloppen, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Opplæringsmodellen er no kjent som Gloppenmodellen og vert nytta som opplæringsmodell fleire stadar.

Les meir om Gloppenmodellen

Helsefagarbeidar

Helsefag for framandspråklege gjev etter endt utdanning fagbrev som helsefagarbeidar. All praksis blir godskrive som læretid. Opplæringa legg vekt på teori og språklæring i praksis.

Tannhelsesekretær

Tannhelseskretær er ei treårig utdanning som ved endt utdanning gjev autorisasjon som tannhelsesekretær. Også dette opplæringstilbodet er bygd opp etter Gloppenmodellen og er spesielt tilrettelagt for vaksne med anna morsmål enn norsk. Kandidatane er utplassert på tannlegekontor to dagar i veka, og har opplæring i programfag og fellesfag tre dagar i veka på skulen. 

Nettskule

Frå hausten 2022 startar vi opp eit nettskuletilbod for vaksne som ønskjer å bli tannhelsesekretærar. Målgruppa er vaksne som enten jobber på tannlegekontor, men som manglar autorisasjon som tannhelsesekretær, eller andre vaksne som ønskjer å utdanne seg til tannhelsesekretær. Opplæringa vil bli gjennomført via nett, samt nokre fysiske samlingar, i tillegg til praksis på tannlegekontor.