Hopp til hovedinnhold

Nettskuletilbod

Nettskuletilboda er eit samarbeid mellom Nettskulen Vestland og Firda vidaregåande skule. Målet med nettskulen er å legge til rette for fleksibel opplæring for vaksne, uansett kor ein bur i fylket. Firda vgs var første skule i Vestland fylkeskommune som kunne tilby fagopplæring gjennom nettskulen.

Tannhelsesekretær

Hausten 2022 starta vi opp eit nettskuletilbod for vaksne som ville bli tannhelsesekretærar. Målgruppa er vaksne som enten jobber på tannlegekontor, men som manglar autorisasjon som tannhelsesekretær, eller andre vaksne som ønskjer å utdanne seg til tannhelsesekretær. 

Helsefagarbeidar

Hausten 2023 utvida vi nettskuletilbodet og tilbudde også vg1 helse- og oppvekstfag. Begge opplæringane vil bli gjennomført via nett på dagtid, samt nokre fysiske samlingar. I tillegg blir det praksis på relevant arbeidsplass, alt etter ønska sluttkompetanse.

Frå hausten 2024 tilbyr vi vg2 helsefagarbeidar og vg2 helseserviefag gjennom nettskulen.

Les meir om korleis du søkjer nettskulen her