Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.
Likar du å vere i aktivitet og å trene? Då kan idrettslinja passe perfekt for deg. Dagane består av mykje fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfag. Er du interessert i idrett, eller ynskjer å skaffe deg god kunnskap om anatomi, helse og trening, er idrettslinja midt i blinken for deg.
Idrettslinja gir deg generell studiekompetanse, som er inngangsnøkkelen til vidare studier på universitet og høgskular. Du kan gå idrettslinja om du er toppidrettsutøvar og ynskjer å nå langt i idretten din, eller om du berre likar å trene og vere aktiv. Idrettslinja på Firda vgs har gode og lange tradisjonar for å leggje godt til rette for både topp- og breiddeidrett.
Vi legg vekt på å byggje og oppretthalde eit godt læringsmiljø, trivsel og tryggleik for elevane. Her får du vener for livet!