Spissa skule for toppidrett

IMG_3415.JPG

Firda vgs har frå skuleåret 2022/2023 fått status som spissa skule for toppidrett. Dette betyr at skulen vil legge godt til rette for toppidrettsutøvarar i eit tett samarbeid med Olympiatoppen Vest

Firda vgs kan ta i mot og følgje opp elevar innanfor dei fleste idrettar, og legg opp til eit tett samarbeid med trenarane til dei utøvarane vi får inn som elevar. Skulen har eit heilskapleg fokus på utøvaren, og vil legge til rette for ein god og hensiktsmessig kombinasjon med skulegang og idrettsleg utvikling. 

Firda vgs har eit etablert og godt tilrettelagt tilbod for utøvarar innanfor friidrett, vektløfting og uthaldsidrettar som langrenn, skiskyting, sykkel ol gjennom gode samarbeidspartnarar og lokale treningsgrupper. Sentralt i vårt arbeid med toppidrett er ei heilskapleg tilnærming til elev/utøvar, samarbeid med og mellom sterke kompetansemiljø og vidareutvikling av ein toppidrettskultur i Gloppen. Vi har fantastiske anlegg og fasilitetar som dekker dei fleste behov. 

Vestlandsmodellen for spissa toppidrett i vidaregåande skule er utvikla av Olympiatoppen Vest i samarbeid med Vestland fylkeskommune. Gjennom denne modellen skal ein sikre utvikling av toppidrettsutøvarar for framtida. Vestlandsmodellen skal og sikre kvalitet i den opplæringa som blir gitt toppidrettsutøvarar i vidaregåande skule. Olympiatoppen Vest føl opp skular og utøvarar som er ein del av denne modellen.

Er du toppidrettsutøvar, eller kanskje ein potensiell toppidrettsutøvar, bør du lese meir på sida www.spissettoppidrett.no for å sjå kva moglegheiter du har og korleis du må gå fram for å søkje status som spissa toppidrettsutøvar.

Ønskjer du å søkje eit spissa toppidrettstilbod på Firda vgs må du sende inn dette skjemaet til Olympiatoppen Vest: https://olympiatoppenvest.typeform.com/to/uPBDPlvL