Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Firda vgs ønskjer eit tett og godt samarbeid med føresette, og inviterer til foreldremøte for vg1 og vg2 elevar to gongar i året. I tillegg blir føresette invitert til ulike arrangment på skulen gjennom skuleåret.

Kontaktlæraransvar

Kontaktlærarane har ansvar for å etablere eit godt samarbeid mellom heim og skulen. Samarbeidet skal bestå av både informasjon, dialog og medverknad om den enkelte elev si faglege og sosiale utvikling.

Foreldremøte på vg1 og vg2

Skulen kallar inn til foreldremøte for vg1- og vg2-elevar tidleg i skuleåret. Her har kontaktlærarane eit særleg ansvar når det gjeld informasjon om klassa og den enkelte elev. Kontaktlærar har i tillegg ansvar for å organisere, gjennomføre og dokumentere foreldresamtale i løpet av første halvår av skuleåret (j.fr § 20-4) 

I forskrift til opplæringslova står det dette om foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring:

§20-4.Foreldresamarbeid i vidaregåande opplæring

  • Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret. 
  • Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. 
  • Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13. 

 

Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg: 

  • Varsling av eleven sitt fråvær
  • Varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7
  • informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta
  • anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving. 

(Forskrift til opplæringslova)