Elevtenester

Bilde av skuleplassen med elevar frå Firda vgs

Vi ønskjer at du som elev skal ha det bra, både i timane, i friminutta og på kveldstid. Vi har difor eit breitt tilbod av tenester til deg.

Elevtenestene på Firda vgs består blant anna av:

Føremålet med elevtenestene er å støtte og hjelpe elevane i alt frå skulearbeid til trivsel og livsmeistring. Elevtenestene har også fokus på å skape eit godt og inkluderande skulemiljø og bidrar med ulike aktivitetar og arrangement på dag- og kveldstid.

I tillegg samarbeidar skulen med

 

Ta kontakt med dei som jobbar i elevtenestene viss du treng støtte og hjelp i kvardagen.

Leksehjelp

På tysdagar tilbyr vi leksehjelp i midttimen frå kl. 12.00-13.15 med Runar Hellerud (matematikklærar). Møt opp på Open skule (kjellaren i Gamlebygget).

På kvelden frå kl. 17-19 møter Torgeir og Kristin frå 3STA i lag med norsk- og matematikklærar og rådgjevar Tove Hanne deg på rom A101 i 1. etasje i Gamlebygget. Dei kan hjelpe deg med fag du syns er litt vanskelege. Ta gjerne ein tur innom Open skule for litt kveldsmat etterpå.

Studspes.jpg

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Bestill tid hos ein av rådgjevarane våre.

Open skule m/miljøkoordinator

På Open skule møtar du Liv Holvik som er miljøkoordinator. Ho er som ei mor for mange av våre elevar, og er der viss du treng ein prat eller ein matbit. Skulen er open på kveldstid frå måndag til torsdag. Her kan du slappe av, møte venner, gjere lekser, ete, klatre, spele biljard og mykje meir. 

Treng du hybel?

Vi har kontakt med fleire som leiger ut hybel nær skulen og kan hjelpe deg med å få kontakt med dei. Er dette av interesse, eller har du spørsmål, kan du ta kontakt med resepsjonen.

Kantine.jpg

Noko å ete?

Har du det litt for travelt om morgonen slik at du ikkje rekk å ete frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei kantine med stort utval av både mat og drikke. Om morgonen frå kl. 08.00-08.30 serverer vi havregraut som gratis skulefrukost.

Biblioteket

Gloppen bibliotek ligg rett ved kantina og delar lokaler med Firda vgs i Trivselshagen skule- og kulturbygg. Her kan du låne gratis læremiddel, i tillegg til at biblioteket har eit stort utval av bøker, magasin, filmar og lydbøker. På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøker eller berre sitte og lese.

Les meir om biblioteket her