Draumeskulen og elevmentorar

Firda vgs driv etter Draumeskule-prinsippet som er ein modell for å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet på skulen.

Målet er å skape eit læringsmiljø der elevane opplever tryggleik og tilhøyrsle, der dei får brukt ressursane sine, og den psykiske helsa til den enkelte elev blir fremja.

Som ein del av Draumeskuleprosjektet har vi også elevmentorar som jobbar med trivsel og inkludering i klassane og på skulen.

Modellen er utvikla av organisasjonen Voksne for barn. Du kan lese meir om Drømmeskolen her.