Lån av læremiddel

Du kan låne bøker til vidaregåande utdanning gratis. Det krev at du signerer ein låneavtale med fylkeskommunen.

Bruke denne lenka for å signere: 

https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

Her er informasjon om avtala:

  • Du kan låne bøker til utdanninga di på vidaregåande skule gratis. Dette krev at du signerar på ein låneavtale med fylkeskommunen.
  • Dersom elev er under 18 år, må også føresett signere på avtalen.
  • Klikk på lenke og eleven loggar seg inn med bank-id, les gjennom avtalen og signerar digitalt.
  • Når elev har signert, vil det gå ein sms til telefonnummeret til den føresette elev har oppgjeve under si signering. Sms vil innehalde ei lenke. Den føresette må klikke på lenka, logge seg inn med bank-id og signere avtalen digitalt.