Tilleggspoeng

JJL2.jpg

Som primærsøkjar til vg1 idrettsfag kan du få tilleggspoeng på bakgrunn av prestasjonar. Primærsøkjar betyr at du har idrettsfag som førsteval.

Om tilleggspoeng:

Til vg1 Idrettsfag kan det gjevast tilleggspoeng etter følgjande skala;

3 poeng: Regionalt nivå

  • Individuelle idrettar: Deltaking med plassering blant dei seks beste i
    offisielle meisterskap på krins- og regionsnivå                            
  • Lagidrettar: Deltaking på regions (samlingar) - eller krinslag


6 poeng: Landslagsnivå

  • Individuelle idrettar: Deltaking med plassering blant dei seks
    beste i offisielle meisterskap på nasjonalt nivå (NM, Norgescup, landsstevne o.l)
  • Lagidrettar: Deltaking på (regions) landslag eller landslagssamling


9 poeng: Internasjonalt nivå 

  • Individuelle idrettar: Deltaking med plassering blant dei seks beste i
    offisielle meisterskap på internasjonalt nivå (Nordisk, EM, VM o.l)
  • Lagidrettar: Deltaking med plassering blant dei tre beste i offisielle
    meisterskap og turneringer på internasjonalt nivå (Nordisk, EM, VM o.l)

 

Alle primærsøkjarar får tilsendt informasjon om framgangsmåte for å søkje om tilleggspoeng, og eit eige søknadsskjema, når skulen har fått tilsendt søkjarlistene kort tid etter søknadsfristen. 

Om nærskulepoeng:

Idrettsfag er tatt ut av nærskuleprinsippet, så i år kan du søkje idrettsfag på Firda vgs uansett kor du bur i fylket.

Meir informasjon finn du i søkjarhandboka.