Firda vgs tilbyr vg2 helseservicefag som nettstudie.
Helseservicefag (vg2) - nettskuletilbod
Helseservicefag (vg2) lærer deg å gi god helseservice til ulike menneske. Å gi god helseservice inneber å opptre profesjonelt og effektivt i møte med kundar, pasientar og pårørande. Du opparbeidar deg praktiske ferdigheiter ved å bruke medisinsk utstyr, og å utføre administrative oppgåver. Samarbeid med andre og god kommunikasjon er viktige eigenskapar.
Heilskapen i studiet skal gi elevane ein plattform for vidare yrkesval og leggje til rette for utvikling av fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering, respekt og toleranse. Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfagleg og dessutan knyte teori og praksis saman.
Fullført vg2 helseservicefag kvalifiserer for inntak til blant anna:
- tannhelsesekretær
- helsesekretær
- apotekteknikk
Organisering av opplæringa
Opplæringa vil hovudsakeleg vere nettbasert, i tillegg til fire obligatoriske samlingar på Firda vgs i løpet av skuleåret. På dei fysiske samlingane jobbar vi med praksisnære oppgåver og har vurderingssituasjonar. I tillegg treng du praksis frå arbeidslivet.
Kan hende du alt er i eit relevant arbeid, og kan nytte dette som ein del av opplæringa? Dersom du ikkje er i arbeid, vil det vere behov for opplæring i relevant bedrift.
Nettskuletilbodet er eit samarbeid mellom Nettskulen Vestland og Firda vidaregåande skule. Målet med nettskulen er å legge til rette for fleksibel opplæring for vaksne, uansett kor ein bur i fylket.
Fag og timefordeling - vg2 helseservicefag
| Fagkode | Fag | Timetal a 60 min | Type fag |
| HES2005 | Helse og sjukdom | 197 | Programfag |
| HES2006 | Kommunikasjon og samhandling | 140 | Programfag |
| HES2007 | Yrkesliv i helseservicefag | 140 | Programfag |
| YFF4209 | Yrkesfagleg fordypning (YFF) | 253 | YFF |
| NOR1262/ NOR1418 |
Norsk, vg2 yrkesfaglege utdanning/ kort butid |
112 | Fellesfag |
| SAk1001 | Samfunnskunnskap | 84 | Fellesfag |
Realkompetansevurdering
Realkompetansevurdering vart innført med ny opplæringslov i 2024. Den gir vaksne rett til å bli realkompetansevurdert før inntak til vidaregåande opplæring. Realkompetansevurdering innebærer ei gjennomgang av din formelle og uformelle kompetanse knytt til tidlegare utdanning, lønna eller ulønna arbeid, organisasjonsarbeid eller fritidsaktivitetar. Viss du ikkje har formell utdanning som grunnlag for opptak til utdanning, kan du søkje om opptak på grunnlag av din realkompetanse.
For å komme inn på vg2 helseservicefag, må ein enten å ha bestått vg1 helse- og omsorgsfag, eller blitt realkompetansevurdert og fått godkjent faga på vg1 helse- og omsorg. Viss ein har fått godkjent programfaga på vg1, men ikkje fellesfaga, må ein passe på å ta desse faga før ein kan søkje om autorisasjon på vg3.
Eksamen
Vg2 helseservisefag blir avslutta med ein obligatorisk tverrfagleg eksamen i helseservicefag (HES2008). Dette er ein praktisk eksamen kor ein blir testa i alle dei tre programfaga. I tillegg kan ein bli trekt ut til eksamen i eit fellesfag.
Søk her
Her finn du informasjon om korleis du søkjer vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.