Musikk er eit studieførebuande utdanningsprogram, og du vil såleis ha dei same fellesfaga som på studiespesialiserande. I tillegg har du ei rekke fag som er retta mot programområdet musikk. Musikklinja gjev deg studiekompetanse samtidig som du får jobbe med interessene dine.
Kvifor velje musikklinja?
- Du får utvikle deg vidare innafor musikk i eit inspirerande miljø
- Du får opplæring i både praktisk utøvande og teoretiske musikkfag
- Du vel eit hovudinstrument og får undervisning individuelt
- Du har samspel i ulike grupper og får synge i kor
- Det er ikkje noko krav at du kan notar på førehand, men det er ein fordel
- Du får delta på huskonsertar og offentlege konsertar
- Du får generell studiekompetanse samtidig som du får utvikle dei musikalske interessene dine
Bilder frå Adventskonsert
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Utstyr og øvingsrom
- Notasjonsprogrammet Sibelius installert på elevPC-ordninga
- 4 samspelsrom med fullt utstyrt PA, gitar,- bassforsterkarar og piano/keyboard
- God tilgang til øvingsrom
- 9 øvingsrom med piano, og eit rom med marimba
- Elevane på musikklinja kan nytte skulen sine øvingsrom etter skuletid og i helgar
- Studio
- Til konsertar: 2 scener med full lyd/lysrigg og konsertflygel i aula og kultursal i Trivselshagen
Kontaktinfo
Har du spørsmål om musikklinja, ta kontakt med: