Hopp til hovedinnhold
Bilde frå Teaterfestivalen i Fjaler der dramaelevane framførte eit teaterstykke

Likar du å vere kreativ og samarbeide med andre? Tykkjer du det er spanande å fortelje ulike historier, utforske roller og skape teater med andre? Då er dramalina på Firda noko for deg!

 

Innleiingstekst

Likar du å stå på scena og opptre? Tykkjer du det er kjekt å spele roller? Og likar du å lage teater saman med andre? Då er dramalina på Firda noko for deg! Det viktigaste er at du har interesse for faget og at du likar å drive med det. Det er ein fordel om du tidlegare har delteke i teateroppsetjingar, men det er ikkje noko krav.

 Kvifor velje dramalina?

  • På dramalina kan du skaffe deg generell studiekompetanse medan du dyrkar interessa di for drama og teater.
  • Vegane etter dramalina er mange, og tre år på dramalina vil ruste deg for seinare studie og yrke på mange ulike måtar. Og dramalina førebur deg til høgare studie innan drama og teater
  • Vel du drama vil du få utvikle kreativiteten din, formidlingsevna di og du vil heile tida få nye utfordringar.
  • Evnene dine til samarbeid, kommunikasjon, problemløysing, organisering og samhandling med andre vil verte stimulert.
  • Faga på dramalina stimulerer også til kritisk tenking og refleksjon, medvit kring deg sjølv og samfunnet. 
  • Du får på dramalina vere med på større og mindre teaterframsyningar kvart år og dermed få mykje sceneerfaring.

Dei praktiske faga på dramalina
Utdanningsprogrammet drama inneheld både teoretisk og praktiske programfag. Dei praktiske faga heiter: Teaterensemble, Teaterproduksjon, Teaterproduksjon fordjuping og Teater og rørsle. Du vil i løpet av tre år få opplæring i grunnleggande skodespelarteknikkar, dvs. at du vil få prøve ut ulike spelestilar og tilnærme deg roller på ulike måtar. Du vil også få opplæring i tema som t.d. improvisasjon, maske, mime, figurteater og scenekamp. Alle tre åra vil du få vere med på større eller mindre teaterproduksjonar, anten stykke som vi lagar sjølve eller skrivne manus. Tekstanalyse og iscenesetjing er stikkord her. I tillegg til dette lærer du også om lys, lyd, kostyme, sminke, scenografi og rekvisittar.

Musikal

Kvart år samarbeider 3.klasse Musikk, dans og drama om eit felles prosjekt, nemleg ein musikal. Den vert spelt på scena i kultursalen i Trivselshagen. Vi har t.d. sett opp musikalane: Cabaret, Lysistrata, Mowgli, Across the universe, Guys and dolls, Spring awakening, Ein midtsommarnattsdraum, Moulin Rouge, Hair, Grease, Nasegrevet og Hjartesong.

Dei teoretiske faga
I faget Teater i perspektiv vil du få lære om teaterhistoria frå ur-teateret heilt fram til vår tid, og du vil få ei generell innføring i teaterteori og -analyse. Vidare vil vi gå og sjå profesjonelt teater for på den måten å øve opp  evna til kritiske tenking og få fine opplevingar som kan gje inspirasjon til eige teaterarbeid.

I faget Drama og samfunn i tredje klasse vil du gjennom teori og praksis få innblikk i korleis ein kan bruke drama som metode for å lære. Du og medelevane dine lagar undervisningsopplegg som de får prøve ut i praksis i t.d. barnehagar og på skular. 

På dramalinja får du desse faga;

Lenke til læreplanen

 Velkomen til oss!

Søknadsfrist; 1 mars 2023. 

 

Kontaktinfo

Har du spørsmål om dramalinja, ta kontakt med:

Gunn Tone Moen

Fagkoordinator drama