Hopp til hovedinnhold
Gamlebygget på Firda vgs og Trivselshagen

Firda vidaregåande skule har 5 skulebygg som ligg tett samla rett ved Sandane sentrum.

Gymnasbygget (A-bygget)

Gymnasbygget frå 1924 er sjølve signalbygget til Firda vgs. Bygget har arkitektoniske likheitstrekk med Eidsvollsbygningen, og rommer i dag klasserom for studiespesialiserande og idrettsklassene. I første etasje har rådgjevar og miljøkoordinator kontor. I kjellaren finn du Open skule, som er eit fritids- og aktivitetstilbod som er opent både på dag- og kveldstid.

Gamlebygget+med+Trivselshagen.jpg

Personalbygget (B-bygget)

I B-blokka finn du arbeidsplassar for lærarar. I kjellarane har helsesøster, PPT, IKT-ansvarleg og reinhaldsansvarleg kontor, i tillegg til ALT-basen og spesialrom for helsefagarbeidarutdanninga.

Realskulebygget (C-bygget)

I C-blokka har elevane på musikk, dans og drama klasserom, i tillegg til kombinasjonsklassen. Her finn ein også musikkstudio og øvingsrom for musikkelevar. Vaktmeistrane har kontor i kjellaren.

Realskulebygget.jpg

Aulabygget (D-bygget)

I D-blokka ligg aulaen med scene, i tillegg til 4 lydisolerte øvingsrom for musikk. I kjellaren finn du realfagsavdelinga med kjemilab og realfagsrom.

Trivselshagen Skule og kultur

Her finn du resepsjonen til Firda vgs og kontora til leiinga ved skulen. I tillegg inneheld dette bygget kultursal, kantine, bibliotek og kinosal. I kjellaren finn du to dansesalar, dramasal, videkonferanserom, vaksenopplæringa, møterom, arbeidsplassar for lærarane, i tillegg til Gloppen kulturskule.

Danselinja+i+samarbeid+med+Gloppen+musikkfest+i+2015+(Foto_+Hans+Græsli).jpg

Trivselshagen Bad og idrett

Trivselshagen Bad og idrett var siste byggesteg i Trivselshagen, og er ein utvidelse av tidlegare Firdahallen. I tillegg til Firdahallen er det bygd spesialhall for turn, badeanlegg og velværebasseng, treningssenter og ny storhall kalla Trivselshallen.

Trivselshallen er utstyrt med klatrevegg, friidrettsbane for løp, kastanlegg og ein aktivitetsflate der ein kan utøve idretter som handball, fotball, volleyball, basketball, tennis og badmington.