Hopp til hovedinnhold

Danseframsyninga "mellom rom"

Elevar i ulike dansepositurar

14. november i vernebygget for Holvikejekta på Sandane

Framsyninga "mellom rom" er ei vandreframsyning der publikum får oppleve dans og musikk i samspel med arkitekturen i det nye vernebygget for Holvikejekta.

Det vert opna for nye perspektiv alt etter kvar ein er i rommet, og publikum vil vere både nært på og langt i frå dansarane. 


I samarbeid med distriktsmusikarane i Gloppen inviterer dansarane publikum inn i ulike stemningar og forteljingar, i møte med rommet og kvarandre. 

Framsyninga er eit samarbeid med Nordfjord Folkemuseum.

Det vert 3 framsyningar fredag 14. november: kl 17.00. kl 18.00 og kl 19.00

Billettar kan kjøpast her