Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vgs.

Gamlebygget ved Firda vgs.

Hospitering for 10. klasse måndag 23. og tysdag 24. oktober 2023

Hospitering ved Firda vidaregåande skule

Hei alle saman og hjarteleg velkomne til hospitering ved Firda vgs 23.- 24.oktober.

Måndag 23.oktober møtest vi i kultursalen på Firda vgs. Her blir det ei kort orientering om dagane hos oss, før elevane vert fordelt etter dei utdanningsprogramma dei har meldt seg på.

Begge dagar startar vi kl 1015 og avsluttar til kl 1430.

Ein del av dykk har veldig lang reiseveg og planlegg overnatting på Sandane. Fint om de kan gi ei tilbakemelding viss de ikkje har nokon å overnatte hos. Vi tilrettelegg for overnatting på skulen.

Elevar som melder seg på idrett og dans, må ha med treningsklede. Elevar som skal hospitere på musikk, må ta med seg instrumentet sitt dersom det er bærbart.

Det vert konsert i kultursalen tysdagen etter lunsj!

Vi ser fram til å møte dykk og håpar de får to gode dagar ilag med oss på Firda vgs!

Her finn du program for dei ulike utdanningstilboda våre;

Program drama

Program dans

Program idrett

Program musikk

Program studiespesialisering