Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vgs.

Gamlebygget på Firda vgs med skuleplassen i framgrunnen

Hospitering for 10. klasse måndag 20. og tysdag 21. oktober

Kjære 10.klassing!

Du er hjarteleg velkomen til å hospitere ved Firda vgs måndag og tysdag 20.-21. oktober! 
Gjennom desse dagane vil vi gje deg eit innblikk i kvardagen i dei ulike utdanningstilboda våre. Vil du besøkje idrettsfag, dans eller drama, tek du med treningskle og får vere med i praktiske øvingar. På musikk tek du med instrumentet ditt (viss det er berbart), og vil du besøkje studiespesialisering må du ha på kle du kan vere ute i. 
Vi startar dagen kl 10.15 og avsluttar kl 14.30. 
Vi gler oss til å ta i mot deg og vise kva tilbod vi har på Firda vgs. For plassane på studiespesialisering gjeld nærskulepoengordninga, men siste åra har alle som har søkt fått tilbod om plass. For idrettsfag, musikk, dans og drama gjeld ikkje nærskulepoeng. 
Her stiller alle likt! 
Måndag ettermiddag er du velkomen til Open skule der vi har ulike aktivitetar som du kan vere med på. Vi har biljard, bordtennis, ulike spel og aktivitetar.
Du som har veldig lang reiseveg, vil få tilbod om overnatting på skulen. I den samanheng serverer vi middag måndag ettermiddag og frukost tysdag. Meld frå gjennom din rådgjevar om du ønsker overnatting. Dei som overnattar treng liggeunderlag og sovepose. 


Vi ser fram til å møte deg!