I kultursalen onsdag 10. september kl. 18.30.
Oppstartsmøte med foreldre og føresette ved Firda vgs onsdag 10.september kl 1830
Til foreldre og føresette for elevar ved Firda vgs skuleåret 25-26
Velkomne til nytt skuleår, og spesielt velkomne til dykk som er foreldre til elevar i vg1 og kanskje har dykkar fyrste møte med Firda vgs.
Første vekene på Firda har vore prega av stor aktivitet! Andre veka tok vi med oss heile vg1 på tur til Nesholmen leirstad. Her var målet å bli kjent med kvarandre – både elevar og lærarar. Vi fekk kjekke dagar i lag i nydeleg sommarvér. Veke 35 vart avslutta med den flotte forestillinga Looking Glass der elevane på Firda vgs frå dans og drama og elevar frå Gloppen kulturskule fekk delta på scena ilag med profesjonelle dansarar.
Eit godt samarbeid med foreldre og føresette er viktig for å bygge eit godt skule- og læringsmiljø, og vi ønskjer å invitere foreldre og føresette til møte i
Kultursalen ved Firda vgs onsdag 10.september kl 1830 – ca 1915
Hovudinnhaldet i samlinga vert informasjon om korleis vi jobbar med trygt og godt skulemiljø, med lærelyst og meistring, frammøte og samarbeid heim – skule.
Etter samlinga i Kultursalen, vert det klasseforeldremøte for vg1 og vg2 i klassene sine respektive klasserom fram til ca kl. 2015. Her vil fokuset vere klassemiljø, informasjon om læringsarbeidet, planar for skuleåret og oppfølging av tema frå fellesdelen. Her vil også tillitselevane i klassa delta.
Føresette i vg3, er velkomne å vere igjen i Kultursalen rett etter fellesmøtet. Her kan vi orientere kort om korleis året som avgangselev vil sjå ut. Her vil nok både eksamen og russetid stå sentralt.
Det er fint for oss å vite nokolunde kor mange som kjem. Vi ynskjer difor at de sender påmelding til postfirv@vlfk.no innan måndag 08.09.
Sandane 01.09.25
Helsing Tove Hanne Ommedal
rektor Firda vgs