Hopp til hovedinnhold

Ledig stilling som miljøkoordinator

oversiktsbilde over Firda vgs og Trivselshallen med grå skyer i bakgrunnen

Vikariat i 60 % stilling.

Frå snarast og til 19.06.2026 har vi ledig 60 % stilling som miljøkoordinator.

Miljøkoordinator er tilsett i samband med Open skule som er eit tilbod for elevane når undervisninga er over, tre ettermiddagar i veka. Her kan elevane kome for å vere. Open skule har ulike aktivitetstilbod. Aktivitetane kjem til i eit samspel mellom vaksne og elevar. Open skule har bordtennis, biljard, playstation og mange brettspel. Idrettshallen vert også nytta til ulike aktivitetar som klatring og volleyball. 

I tillegg er det matservering på Open skule. Ein dag middag, ein dag kvelds og ein tredje dag med litt forskjellig på menyen.

Søknadsfrist for stillinga: 5. oktober 2025.

Les meir om stillinga her