Hopp til hovedinnhold

Musikal 2026 - Legally blonde

4 jenter i kjolar og skjørt. Den eine har ein plakat i handa.

Fredag 13. og laurdag 14. februar i kultursalen i Trivselshagen på Sandane.

Dette skuleåret set elevar på Musikk, dans, drama på Firda vg. skule opp musikalen Legally blonde, - eller Lovleg blond som den heiter på norsk. 

Opprinneleg er dette ein film frå 2001 basert på ei bok av Amanda Brown. Tekst og musikk til musikalen er av Laurence O’Keefe og Nell Benjamin. Manus er ved Heather Hach, og Christoffer Paulsen  har omsett det til norsk. Musikalen hadde premiere i USA i 2007.

Hovudpersonen i musikalen er Elle Woods. Ho drøymer om å gifte seg med kjekkasen Warner Huntington III. Han har ambisjonar om å gå på det prestisjetunge universitetet Harvard for seinare å gjere politisk karriere. Han tykkjer ikkje at Elle passar heilt inn i dette framtidsbiletet og dumpar ho. Elle bestemmer seg for å kjempe for kjærleiken og vinne Warner tilbake. For å oppnå dette  må ho også kvalifisere seg til Harvard, noko ho gjer etter krevjande studiar. På Harvard møter ho nye utfordringar og ho må gong på gong kjempe mot  stereotypiar og fordommar i jakta på draumemannen. Vi kan røpe så mykje at ho gjennom kløkt, hardt arbeid og eigne erfaringar til slutt lukkast i jusstudiane og finn kjærleiken.

Dette er ein humoristisk og hjartevarm musikal, full av fengande musikk og raske sceneskift. Her blir det energi, dans og show frå første sekund. Musikalen passar for alle, så det er berre å sikre seg billett!

Billettar til fredag

Billettar til laurdag