Hopp til hovedinnhold

Dramaframsyninga "Tre søstre"

3 kvite svanar flyg i ring

I dramasalen på Firda vgs onsdag 10. desember kl. 19.00

Det er ei ny tid i Russland, eit nytt århundre med nye idear i samfunnet. Ute i ein liten provinsby finn vi dei tre systrene Olga, Masja og Irina og deira bror Andrej. Dei har levd her ute i fleire år, men dei lengtar tilbake der dei kjem i frå – storbyen Moskva. I huset i provinsen har dei stadig besøk av soldatar frå den lokale brigaden, og det ryktes at deira bror har ein kjærast. Men alt dei ynskjer er å reise til Moskva.

Draumen er å kome tilbake, finne kjærleik, finne meininga med livet. Men kan dei nå draumane sine når dei berre ser til framtid og fortid, og gløymer notid?

Stykket Tre Søstre er skreve av Anton Tsjekov og oppført fyrste gang i 1901. 2drama utforskar og leiker seg med stykket og kva for meining det har. Gjennom ulike teaterteknikkar og utforming presenterer dei si eiga versjon av det kjente stykket.

Billettar kan du kjøpe her