Hopp til hovedinnhold

Språk, samfunnsfag og økonomi er eit stort programområde med mange ulike programfag. Firda vgs har lange tradisjonar for å fostre samfunnsmedvitne og engasjerte elevar. Her kan du få nyttig kunnskap som legg grunnlaget for ei djupare forståing av samfunnet og verda rundt deg, og som gjev deg verktøy til å delta aktivt i samfunnsdebatten og å påverke framtida.

Programfag - Språk, samfunn, økonomi

På Firda vgs kan du velje mellom ei rekke fag og fagkombinasjonar. Det er ikkje mogeleg å tilby alle fag innanfor dette programområdet, men vi ønskjer å leggje til rette for at elevane skal få ta dei vala dei ønskjer. Ut ifrå elevønskjer og ressurssituasjon må vi ta atterhald om at det kan kome endringar. Her kan du lese meir om dei ulike programfaga. Alle programfaga har eit omfang på 5 timar i veke.

 


Engelsk programfag på vg2 og vg3:

Sjølv om enkelte elevar føler at dei er gode nok i engelsk etter vg1, finst det mange grunnar til å velje engelsk programfag på vg2 og vg3. Uansett kva framtidsplanar du har, kjem du sikkert å ha dagleg kontakt med engelsk – ikkje berre på fritida, men også gjennom studiar og arbeidsliv. Når du går vidare med høgare utdanning kjem du til å lese mykje faglitteratur på engelsk og undervisninga kan delvis vere på engelsk. Mange vel å ta delar av utdanninga si utanlands – viss det kan vere aktuelt for deg treng du solide engelskkunnskapar. Også her heime aukar behovet for å kunne engelsk flytande: mange norske bedrifter som t.d. Hydro og Equinor bruker engelsk som arbeidsspråk. Ved å velje engelsk programfag og dermed forbetre den munnlege og skriftlege kompetansen din, gjer du altså ei god investering i framtida di.

På vg2 tilbyr vi programfaget Engelsk 1 med tema som internasjonale media og nyhende, utdanning og arbeid i utlandet, internasjonale utfordringar, og kulturforståing. Eit viktig mål er å lære korleis vi kan kommunisere på tvers av forskjellige kulturar og verdigrunnlag. Vi jobbar med litteratur og film frå heile den engelskspråklege verda. Du skal og ha eit større fordjupningsarbeid frå engelsk eller eit anna fag – her kan realistar og samfunnsvitarar jobbe med sine interessa.

På vg3 kan du velje fordjupning i Engelsk 2. 

Tilbake til oversikt over programfag


Politikk og menneskerettar

Likar du å sjå debattar på tv om ulike emne som du er engasjert i? Eller føretrekkjer du papiraviser eller nettaviser? Er du i det heile tatt eit «politisk individ» som har sterke meiningar om nasjonale og internasjonale saker, som ønskjer forandring, men manglar innsikt? Liker du å diskutere? Då er faget Politikk og menneskerettar noko for deg.

Faget Politikk og menneskerettar hjelper deg til å forstå verda som kanskje fortoner seg kaotisk for deg. No får du høve til å fordjupe deg i både nasjonal og internasjonal politikk. Men faget krev også at du er interessert i stoffet, at du er engasjert og at du også les annan litteratur enn berre læreboka. På det viset kan du utdjupe og forklare meir for dine medelevar kvifor ting er som dei er, og tv-programma som du såg og avisene som du las blir lettare å forstå. Men du må vere engasjert! Vi arbeider med mange aktuelle problemstillingar innanfor mange forskjellige emne som omhandlar internasjonal -og nasjonal politikk, t.d. internasjonalt samarbeid, terrorisme, konfliktar, tryggleik og fred, om styringsorgana Norge-lokalt og nasjonalt , dei politiske partia: likskapar og skilnader og media si rolle som politisk aktør.

Arbeidsmåten i faget varierer, frå individuelt arbeid til arbeid i grupper, diskusjonar, sjå på relevante tv-program, delta på seminar, få besøk av ressurspersonar, vere deltakar på Europeisk Ungdomsparlament sine seminar; ein møteplass for politisk engasjert ungdom frå heile landet. Og kjeldene ein nyttar kan t.d. vere lærebøker, artiklar frå aviser og fagtidsskrift, internett og diverse medium.

Programfaget Politikk og menneskerettar  går over eitt år. Faget har fem timar i veka på vg3-nivå. Elevane får standpunktkarakter, og kan kome opp til eksamen, anten munnleg eller skriftleg. Ein kan også studere faget på universitet og høgskular. Då kan dei ha namn som statsvitskap, eller samanliknande politikk.

Faget kvalifiserer til ulike jobbar i stat, kommune eller i privat næringsliv.

Tilbake til oversikt over programfag


Sosiologi og sosialantropologi

Er du nysgjerrig? Har du lyst til å undersøke om verda kunne tenkjast å vere annleis enn det du først trudde? Liker du å diskutere?

Korleis lever menneska saman i eit samfunn? Kva bestemmer menneska si atferd og viktige val i livet? Og kva bestemmer handlingane og haldningane våre? Kvifor vert nokre menneske kriminelle og andre ikkje? På kva slags vis påverkar ulike media kvardagen og haldningane våre? Kva verknad har den sosiale bakgrunnen og oppveksten for kva utdanning ein vel?

Dette er bare nokre av dei spørsmåla vi undersøker og diskuterer i faget sosiologi og sosialantropologi, eit programfag der du lærer meir om forholdet mellom individ og grupper i eit samfunn.

Vi arbeider med aktuelle problemstillingar innanfor mange ulike emne som f.eks. sosialisering og normer, media og kommunikasjon, kriminalitet, kulturforståing og integrasjon, sosial ulikskap og fordeling av gode, velferd og ideologiar, arbeidsliv og produksjon, kjønn og likestilling.

Vi arbeider både individuelt og i grupper og med prosjekt. Og kjeldene ein nyttar kan t.d. vere lærebøker, artiklar frå aviser og fagtidsskrift, internett og diverse medium.

Programfaget Sosiologi og sosialantropologi går over eitt år, då får ein standpunktkarakter. I nokre tilfelle kan ein verte trekt ut til munnleg eksamen. Ein kan også studere sosiologi og sosialantropologi som to separate fag på universitet og høgskular. 

Tilbake til oversikt over programfag

Erling Sande (elev på Firda 1994-1997)
Stortingsrepresentant 2005-2013
Cand.mag i historie, samfunnsgeografi og samannliknande politikk

 - Det var i løpet av Firda-tida at eg for alvor vart samfunnsengasjert. Gjennom samfunnsfagleg fordjupning med engasjerte lærarar – og diskusjonar med medelevar fekk eg kunnskap som har vore svært viktig for meg seinare. Men langt viktigare: som elev på det som no er studie-spesialiserande på Firda vart eg saman med elevar på andre studie-retningar ein del av eit kreativt miljø, hadde utruleg mykje moro både i og etter skuletid og knytte venskap som kjem til å vare livet ut!

 


Psykologi 1 og 2

Programfaget psykologi er eit allmenndannande fag, og psykologisk grunnforståing er sentralt i dei fleste samfunnsmessige og mellommenneskelege samanhengar. Programfaget skal gi ei innføring i sentrale psykologiske emner og gje ei orientering om viktige psykologiske forsknings- og bruksområder og trekk ved den moderne psykologien si historie. Psykisk helse er i fokus både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og programfaget har som mål å gje basiskunnskapar om kva som hemmar og fremjar psykisk helse.

Opplæringa skal bidra til å stimulere den enkelte til å tenke, forstå og reflektere over samspelet mellom individ og samfunn i eit livslangt perspektiv og gje den enkelte auka forståing, respekt og toleranse uavhengig av kultur og bakgrunn.Programfaget skal bidra til utvikle evne til samarbeid, kreativitet og analytisk refleksjon. Vidare skal det bidra til kunnskap om begrep, modellar og teoriar i psykologien som grunnlag for å utvikle eiga og andre si tenkning. Opplæringa skal opne for bruk av varierte læringsarenaer og læringsstrategiar. Programfaget skal utvikle kompetanse som kan danne grunnlag for deltaking i samfunns - og yrkesliv og for vidare studier. Faget gjev anledning til tverrfagleg perspektiv og tverrfagleg samarbeid.

Psykologi 1 tar føre seg utviklingspykologi. Psykologi 2 har meir fokus på sosialpsykologi. 

Tilbake til oversikt over programfag


Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 og 2

 

Entreprenørskap og bedriftsutvikling (EB1 og EB2) er programfag for deg som vil lære korleis nye verksemder blir til, og korleis eksisterande bedrifter kan utviklast vidare. Faga gir innsikt i innovasjon, verdiskaping og strategiar som formar framtidas næringsliv. Faga passar for deg som er nysgjerrig, kreativ og liker å jobbe praktisk med idéar og løysingar.


Læreplanen for begge faga finn du hos Utdanningsdirektoratet: Entreprenørskap og bedriftsutvikling ENT01‑04 [udir.no]

 

EB1 – Kreativitet, idéutvikling og etablering

I EB1 lærer du grunnleggjande entreprenørskap: korleis ein idé kan utviklast til ein forretningsmoglegheit, og kva som skal til for å starte ei verksemd. Arbeidet er praktisk og prosjektbasert, der elevane ofte jobbar i grupper og utviklar eigne produkt eller tenester. Faget vektlegg kreativitet, samarbeid, innovasjonsprosessar og marknadsforståing.

Direktelenke til kompetansemål i EB1:
https://www.udir.no/lk20/ent01-04/kompetansemaal-og-vurdering/kv885 [udir.no]

 

EB2 – Vidareutvikling, strategi og berekraft

EB2 byggjer vidare på grunnkunnskapen, men kan òg takast utan EB1. Her lærer du korleis etablerte verksemder kan utviklast vidare, blant anna gjennom innovasjon, nye marknader, berekraftig verdiskaping og strategiar for vekst. Det blir jobba med case, bedriftssamarbeid og praktiske oppgåver som liknar utfordringane bedrifter står overfor i verkelegheita.

Direktelenke til kompetansemål i EB2:
https://www.udir.no/lk20/ent01-04/kompetansemaal-og-vurdering/kv886 [udir.no]

 

Arbeidsmåtar i faga

Entreprenørskap og bedriftsutvikling er praktiske fag der du lærer gjennom å prøve, utforske og samarbeide. Typiske arbeidsmåtar er:

  • Utvikling av forretningsidéar og forretningsplanar
  • Bruk av innovasjons- og kreativitetsmetodar
  • Marknadsundersøkingar og analyse
  • Praktisk arbeid med ulike case
  • Drift av ungdomsbedrift (særleg i EB1)
  • Samarbeid med lokalt næringsliv, bedriftsbesøk og presentasjonar

På denne måten får du erfaringar som er nyttige både for vidare studiar og framtidig arbeidsliv. I begge faga står kreativitet, samarbeid, problemløysing og evna til å teste og vidareutvikle eigne idéar sentralt. Målet er å gi deg erfaringar og kompetanse du kan bruke vidare, enten du vil starte noko sjølv eller jobbe i ei bedrift.

Tilbake til oversikt over programfag


Klima- og miljøfag

Firda vidaregåande skule er den einaste skulen i landet som har tilbod om programfaget klima- og miljøfag. Dette er eit fag som tek for seg dei store klima- og miljøutfordringane med både lokalt og globalt perspektiv.

Faget inneheld mellom anna klimapolitikk, klimatilpassing, tap av biologisk mangfald («den sjette utryddinga»), korleis næringslivet møter det grøne skiftet, korleis privat forbruk og åtferd påverkar verda, berekraftig utvikling, og korleis ulike vitskapstradisjonar verker saman om desse problema. Elevane får utforske gjennom å jobbe med ulike caser, samarbeide med ulike fagmiljø og lokalt næringsliv.

Klima- og miljøfag 1 og 2 høyrer til samfunnsfaga. Dette er fag som er utvikla lokalt på Firda vgs, og pr i dag er dette forsøksfag gjennom UDIR. Det er likevel mogleg å ha disse faga som fordjupingsfag innafor programområde språk, samfunn og økonomi (SSØ). UDIR arbeider no med å legge ein justert versjon av faget inn i sin ordinære tilbodsstruktur, slik at elever frå heile landet og ikkje berre Firda-elevar kan velje faget.

Tilbake til oversikt over programfag