Firda vgs tilbyr vg1 helse- og oppvekstfag som nettstudie for dei som ønskjer å gå vidare til vg2 helseservicefag og sluttkompetanse helsesekretær, tannhelsesekretær eller apotekteknikkar.
Helse- og oppvekstfag (vg1) - nettskuletilbod
Du lærer om:
- om helsefremmende arbeid
- om fysisk og psykisk helse
- om hvordan kroppen er oppbygd
- om kommunikasjon og samhandling
- om barn og unges utvikling
- om kost, ernæring og hygiene
Fullført vg1 helse- og oppvekstfag kvalifiserer til vg2 helseservicefag, som igjen kvalifiserer til inntak til:
- vg3 tannhelsesekretær
- vg3 helsesekretær
- vg3 apotekteknikk
Organisering av opplæringa
Opplæringa vil hovudsakeleg vere nettbasert, i tillegg til fire obligatoriske samlingar på Firda vgs i løpet av skuleåret. På dei fysiske samlingane jobbar vi med praksisnære oppgåver og har vurderingssituasjonar.
I tillegg treng du praksis frå arbeidslivet. Kan hende du alt er i eit relevant arbeid, og kan nytte dette som ein del av opplæringa? Dersom du ikkje er i arbeid, vil det vere behov for opplæring i relevant bedrift.
Nettskuletilbodet er eit samarbeid mellom Nettskulen Vestland og Firda vidaregåande skule. Målet med nettskulen er å legge til rette for fleksibel opplæring for vaksne, uansett kor ein bur i fylket.
Fag og timefordeling - vg1 helse- og oppvekstfag
| Fagkode | Fag | Timetal a 60 min | Type fag |
| HSF1006 | Helsefremjande arbeid | 197 | Programfag |
| HSF1007 | Kommunikasjon og samhandling | 140 | Programfag |
| HSF1008 | Yrkesliv i helse- og oppvekstfag | 140 | Programfag |
| YFF4106 | Yrkesfagleg fordypning vg1 (YFF) | 168 | YFF |
| ENG1009 | Engelsk vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram | 112 | Fellesfag |
| MAT1117 | Matematikk 1P-Y HS | 84 | Fellesfag |
| NAT1011 | Naturfag vg1 HS | 56 | Fellesfag |
Realkompetansevurdering
Realkompetansevurdering vart innført med ny opplæringslov i 2024. Den gir vaksne rett til å bli realkompetansevurdert før inntak til vidaregåande opplæring. Realkompetansevurdering innebærer ei gjennomgang av din formelle og uformelle kompetanse knytt til tidlegare utdanning, lønna eller ulønna arbeid, organisasjonsarbeid eller fritidsaktivitetar. Viss du ikkje har formell utdanning som grunnlag for opptak til utdanning, kan du søkje om opptak på grunnlag av din realkompetanse.
Søk her
Her finn du informasjon om korleis du søkjer vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.