Firda vgs tilbyr vg3 helsesekretær som nettstudie.
Helsesekretær (vg3) - nettskuletilbod
Helsesekretærane arbeider blant anna på legekontor, sjukehus og på helsesentre. Helsesekretæren er ofte den som møter pasienten først ved ankomst til behandlingsstaden.
Sentrale arbeidsområde er
- mottak av pasientar
- laboratoriearbeid og skiftestuearbeid
- kontortekniske oppgåver og bruk av pasientadministrative IKT-system
- registrering av takstar og diagnosar
- kvalitetssikring og prosedyrar
- vurdering av øyeblikkeleg hjelp både over telefon og i ekspedisjon
Personlege eigenskapar
Helsesekretæren arbeider sjølvstendig innanfor sitt område. Det stilles store krav til service, effektivitet og nøyaktigheit. Du må kunne samarbeid med andre profesjonar. Du bør kunne vise omsorg, toleranse, respekt og engasjement i mellommenneskelege forhold. Omstillingsevne, språk- og kulturkunnskapar er også viktig.
Organisering av opplæringa
Opplæringa vil hovudsakeleg vere nettbasert, i tillegg til fire obligatoriske samlingar på Firda vgs i løpet av skuleåret. På dei fysiske samlingane jobbar vi med praksisnære oppgåver og har vurderingssituasjonar.
I tillegg treng du praksis frå arbeidslivet. Kan hende du alt er i eit relevant arbeid, og kan nytte dette som ein del av opplæringa? Dersom du ikkje er i arbeid, vil det vere behov for opplæring i relevant bedrift.
Nettskuletilbodet er eit samarbeid mellom Nettskulen Vestland og Firda vidaregåande skule. Målet med nettskulen er å legge til rette for fleksibel opplæring for vaksne, uansett kor ein bur i fylket.
Fag og timefordeling - vg3 helsesekretær
| Fagkode | Fag | Timetal a 60 min | Type fag |
| HSE3005 | Helse og sjukdom | 371 | Programfag |
| HSE3006 | Kommunikasjon og samhandling | 184 | Programfag |
| HSE3007 | Yrkesliv i helsesekretærfaget | 370 | Programfag |
Formelle krav
For å kunne bruke yrkestittelen helsesekretær må du ha autorisasjon fra Helsedirektoratet.
Skulen hjelper til med å søkje om autorisasjon etter bestått tverrfagleg eksamen på vg3 (HSE3008).
Realkompetansevurdering
Realkompetansevurdering vart innført med ny opplæringslov i 2024. Den gir vaksne rett til å bli realkompetansevurdert før inntak til vidaregåande opplæring. Realkompetansevurdering innebærer ei gjennomgang av din formelle og uformelle kompetanse knytt til tidlegare utdanning, lønna eller ulønna arbeid, organisasjonsarbeid eller fritidsaktivitetar. Viss du ikkje har formell utdanning som grunnlag for opptak til utdanning, kan du søkje om opptak på grunnlag av din realkompetanse.
For å komme inn på vg3 helsesekretær, må ein enten å ha bestått vg1 helse- og omsorgsfag og vg2 helseservicefag eller blitt realkompetansevurdert og fått godkjent faga på vg1 og vg2.
Viss ein har fått godkjent programfaga på vg1 og vg2, men ikkje fellesfaga, må ein passe på å ta desse faga før ein kan søkje om autorisasjon på vg3.