Hopp til hovedinnhold

Helsearbeidarfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne

Firda vidaregåande skule har i mange år samarbeida med NAV om utdanning av vaksne i helsearbeidarfaget. Tilbodet er tilpassa vaksne med anna morsmål enn norsk. Andre vaksne kan òg søke. Opplæringa er organisert med tre dager teoretisk opplæring på Firda vgs og 2 dager praksis i eigen kommune. 

Modulstrukturert opplæring for vaksne

Innafor helsefag, vart det innført nye læreplanar for vaksne gjeldande frå 01.08.24. 
Det er 5 modular som skal vere bestått for å kunne ta eksamen og deretter ta fagbrev.   

Modul 1: Norsk og samfunnskunnskap
Modul 2: Profesjonalitet i helsearbeiderfaget 
Modul 3: Livskvalitet og helsekompetanse 
Modul 4: Grunnleggande sjukepleie 
Modul 5: Rehabilitering, habilitering og kvardagsdagsmestring 

Vurdering i modulane er Godkjent/Ikkje godkjent. 

Modellen er ein vekslingsmodell, der kandidatane vekslar mellom å vere på skule eller i praksis i ei relevant lærebedrift. (t.d. sjukeheim eller institusjon) og det er eit tilbod fordelt på 5 dagar i veka i veksling mellom teori og praksis. 

Les meir om modulstrukturert opplæring for vaksne her

Meir søkelys på praktisk arbeid og livssituasjon i vaksenopplæringa