Hopp til hovedinnhold

Digital Open kveld på Firda vgs

Firdalogoen: Firda vgs meir enn ein skule

Velkommen til digital open kveld på Firda vgs. MÅNDAG 23.01.2023. Vi har delt opp dette møtet i ein felles informasjonsbolk og parallelle møte for dei ulike seksjonane. Meir informasjon og lenker til dei ulike møta finn de lenger ned på sida.

Vi nyttar Teams til gjennomføring av møta. Dette krev ingen installasjon av programvare, de kan berre trykke på lenka til det møtet de vil delta på. Når de opnar eit møte må de vente i lobbyen til ein administrator slepp dykk inn i møtet. Dei digitale møta vert ikkje opna før til det tidspunktet som er oppgitt. Pass på at mikrofonen er slått av. I fellesmøtet kan de gjerne stille spørsmål i chatten undervegs. I seksjonsmøta kan de rekke opp handa for å få ordet eller stille spørsmål i chatten. 

Planen for kvelden ser slik ut:

18.00 - 18.45: Fellesmøte med informasjon om Firda vgs.
Rektor ønskjer velkommen til informasjon om skuletilbodet på Firda vgs, presentasjon av elevtenesta og anna praktisk informasjon.
Lenke til fellesmøtet finn de her: Klikk her for å delta i møtet

18.50 - 19.30: Parallelle møte for kvar seksjon.
Her blir det berre ein kort presentasjon av utdanningsprogrammet før det er lagt opp til samtale med avdelingsleiar der de kan stille spørsmål og snakke om det de ønskjer å vite meir om. De kan gå inn og ut av dei ulike møtene om de har spørsmål i fleire retningar.

StudiespesialiserandeKlikk her for å delta i møtet

IdrettsfagKlikk her for å delta i møtet

Musikk,Dans,DramaKlikk her for å delta i møtet

ElevtenestaKlikk her for å delta i møtet