Hopp til hovedinnhold

Firdafestivalen 2024

Plakat med informasjon om framsyningane under Firdafestivalen

Musikklinja, danselinja og dramalinja inviterar til 3 ulike framsyningar 19. - 26. april 2024.

19.april RESONANS

Billettpris kr 200.- vaksne

Barn/ungdom kr 50.-

 

24.april KLANG!

Billettpris kr 200.- vaksne

Barn/ungdom kr 50.-

 

  1. og 26.april FARGESLUKAREN

Kr 100 .- vaksne

Barn/ungsom kr 50.-

 

FESTIVALPASS kr 200.-

 

Velkomen til KLANG!

Musikklinja ved Firda vidaregåande skule er stolte over å kunne invitere deg inn i vårt univers, til ei verd av lyd, klang og rytmar.

Konserten er ei reise i mangfald, gjennom klassiske harmoniar til moderne rytmer, med solistar og ensemblestykke, kor og band.

Klang! er ikkje berre ein konsert, men ei feiring av elevane, musikklina og den samklangen som oppstår mellom oss som har vår kvardag her på Firda vidaregåande skule.

Klang! er ein del av Firdafestivalen ved Firda vgs som går mellom 19. og 26. april, og i år kan du også oppleve forestillingar frå elevane ved danselina og ved dramalina. Meir info om desse arrangementa finn du på trivselshagen.no

 

DANS

Ordet resonans tyder «gi gjenklang». Med framsyninga RESONANS ynskjer vi å skape "gjenklang" i samspel, med rørsler, gjennom blikk og nærvær. Vi både ser og blir sett av andre menneske. Den gjensidige krafta som oppstår i samspel kan vere opnande, eller lukkande.

Vert blikket retta for mykje innover mot oss sjølve er det lett å misse av syne det som er rett foran oss. For å skape resonans krevjast det at ein møtast på nokolunde same frekvens, lyttar, gir og tar, responderer på kvarandre.

RESONANS er ein del av Firdafestivalen ved Firda vgs som går mellom 19. og 26. april. Meir info om desse arrangementa finn du på trivselshagen.no

DRAMA

Vg1 og vg2 drama syner teaterframsyninga "Den store fargeslukeren" torsdag 25. april og fredag 26. april. Dette er ei teaterframsyning for born frå 6 år og oppover.

DEN STORE FARGESLUKAREN er ein del av Firdafestivalen ved Firda vgs som går mellom 19. og 26. april.  Meir info om desse arrangementa finn du på trivselshagen.no