Musikk/dans/drama inviterar til 4 ulike framsyningar i perioden 25. -29. april 2025. Det vert både konsert, dans og teater.
Du kan kjøpe festivalpass til alle 4 framsyningane her



Drama
Boksen - teaterframsyning med dramalina tysdag 29. april kl 18.
Vi menneske er ofte komfortable med å setje oss sjølve og andre i avgrensa boksar.
Det er både ryddig og enkelt. Men kva om boksane er for tronge? Kva om vi vil ut av A4-livet? Kva om boksen har ei innside der vi gøymer oss og ei utside vi viser fram? Kva når ingen boksar passar? Kva då? Desse tankane og mange andre vil du møte i framsyninga vår.
Klasse 1drama og 2drama har gått saman om å skape framsyninga «Boksen». Dette har vore ein såkalla devised prosess, dvs. at vi saman har skapt framsyninga ut frå ein felles idé. Og utgangspunktet for ideen vår var rett og slett ordet «boks».
Vi håper stykket vårt vil skape både undring og erkjenning hos deg som publikummar. Kom til dramasalen og møt «boksen»! Framsyninga varer omlag 30 minutt.
Dans
SPOR - danseframsyning med danselina tysdag 29. april kl 19.
Kva spor legg vi igjen etter oss, anten bevisst eller ubevisst, og ofte utan at vi ynskjer det?
Er sporlaus ferdsel mogleg?
I danseframsyninga SPOR vert spørsmål som dette kroppsleggjort. Kvar og ein ber vi med oss individuelle spor, og våre minner. I samspel med kvarandre og aleine undersøker dansarane korleis liva deira set avtrykk på ulike måtar.
Billettar til Spor finn du her
Drama
PEER -teaterframsyning i dramasalen 29. april kl 20.15
Det er gratis inngong til teaterframsyninga Peer.
Musikk
KRAFT - konsert med musikklina fredag 25. april kl 18 i kultursalen.
Musikklina presenterer elevane i solo og ensembler i ulike sjangrar. Musikklinekoret med alle elevane er med. Vi kan love eit variert musikalsk program med heile musikklina på scena, og KRAFT som eit tema for kvelden.
Billettar til Kraft finn du her