Hopp til hovedinnhold

Folkemøte tysdag 7. mai kl. 20.00.

Elevar spelar basketball på skuleplassen

Det vert folkemøte om tilbodsstruktursaka i vidaregåande skule tysdag 07.05 kl 20 i kultursalen i Trivselshagen. Det vert informasjon om opplæringstilbodet i vidaregåande skule, diverse innlegg og kulturinnslag. Arrangørar er Gloppen næringsorganisasjon, Gloppen kommune og Firda vgs.

Bakgrunnen for møtet er den pågåande prosessen i fylkeskommunen med nedlegging av ei rekke tilbod. Forslaget frå eit arbeidsutval om å legge ned det studiespesialiserande tilbodet på Firda vgs. og Måløy vgs, mens Eid vgs. skal ha to parallellar i det same tilbodet, kom særs overraskande på alle i Nordfjord. Historisk sett har Firda hatt dette tilbodet i 100 år, opptil fem parallellar, mens Måløy har hatt tilbodet sidan midt på 80-talet. Dei tre rektorane ved skulane i Måløy, Firda og Stryn, går mot forslaget og meiner at alle dei fire skulane bør ha dette grunnleggande tilbodet med allmennfag.

Studiespesialiserande utdanningsprogram er eit basisprogram med sentrale allmennfag som norsk, realfag, språk, økonomi, naturfag og historie og bør vere tilbod ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord.

Les  meir om saka her