Hopp til hovedinnhold

Foreldrekveld på Firda vgs

Elevar som dansar på scena

Tysdag 4. februar kl 18.30. i kultursalen

 

Foreldre og føresette til elevar ved Firda vgs skuleåret 2024-2025

Vi har nettopp avslutta 1.termin av skuleåret 2024-2025. Vi har hatt ein flott haust på Firda med mange høgdepunkt. Tilbakemeldinga frå elevane i elevundersøkinga er god, elevane trivst og har det bra på Firda. 

Det er svært viktig for oss å ha eit godt samarbeid med dykk som er foreldre og føresette. Vi inviterer dykk difor til samling her på skulen tysdag 04.02. kl 18.30. Nytt i år er at vi inviterer alle foreldre. Invitasjonen gjeld med andre ord foreldre til elevar i vg1, vg2 og vg3.

Aktuelle tema for fellesdelen er ny opplæringslov, elevundersøking, skulemiljø, frammøte og presentasjon av ny rektor.

Etter felles delen vert det klassevise samlingar for elevane i vg1 og vg2 klassene. Tillitselevane i dei ulike klassene blir med på dei klassevise møta

For foreldre til elevar i vg3 vert det felles samling i kultursalen med fokus på russetid og eksamen.

Send oss gjerne ei melding om det er tema de ynskjer vi skal ta opp på felles samlinga eller på klasseforeldremøta.

  Sandane 27.01.25

Helsing Hallgeir Hansen

rektor Firda vgs