Hopp til hovedinnhold

Foreldre og føresette til elevar skuleåret 22-23

Bilde av elevar og tilsette tatt 23. august 2022

Invitasjon til foreldremøte 07.09.22 - stream av møtet er lagt til

Velkomen til nytt skuleår! Vi ynskjer særleg velkomne dei av dykk som er foreldre til elevar i vg1 og kanskje har dykkar fyrste møte med Firda vgs.

Her på Firda er vi godt i gang. Det har vore ein innhaldsrik og spennande start for både elevar og tilsette med stor aktivitet både på dagtid og på kveldstid. Tysdag 23. august var det nøyaktig 100 år sidan fyrste skuledag for fyrste elevkull ved Firda Gymnas. Dagen vart feira med fellessamling, ballongar, pizza og bursdagssong. Ein minnerik dag her på skulen.

Foreldre og føresette er viktige samarbeidspartar i læringsarbeidet. Dette er formulert slik i opplæringslova §1-1:

Opplæringa i skule og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Vi ynskjer å ta dette på alvor og inviterer dykk som foreldre og føresette til samling her på skulen onsdag 07.09 kl 18.30. Vi møtest til ei felles økt i kultursalen. I denne økta vert hovudtema trygt skulemiljø, livsmestring, fråværsreglar og nytt skuleadministrativt system.

Etterpå vert det klasseforeldremøte for vg1 og vg2. Her vil fokuset vere  klassemiljø, informasjon om læringsarbeidet, planar for skuleåret og oppfølging av tema frå fellesdelen. I dette møtet vil og tillitselevane i klassa delta.

Det er fint for oss å vite nokolunde kor mange som kjem. Vi ynskjer difor at de sender påmelding til postfirv@vlfk.no innan fredag 02.09 kl 10.   

 

Sandane 26.08.2022

Helsing Hallgeir Hansen, rektor Firda vgs

 

Lenke til stream av foreldremøtet; Møte 070922