Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte 10. mars

Gamlebygget på Firda med skuleplassen i framgrunnen

Det vert foreldremøte tysdag 10. mars kl. 18.30 i kultursalen.

Til foreldre og føresette til elevar ved Firda vgs skuleåret 2025-2026 

På Firda vgs er vi godt i gang med 2.termin av skuleåret 2025-2026. Vi har hatt ein innhaldsrik første halvdel av skuleåret. Tilbakemeldingane frå elevane i elevundersøkinga er gode, elevane trivst og har det bra på Firda.  

Det er svært viktig for oss å ha eit godt samarbeid med dykk som er foreldre og føresette. Vi inviterer difor til samling for vg1, vg2 og vg3 her på skulen tysdag 10. mars kl 18.30 i kultursalen. 

Aktuelle tema for fellesdelen er fullføringsreforma, frammøte og eksamensgjennomføring. Kva seier elevundersøkinga om skulemiljøet.

Etter felles delen vert det klassevise samlingar for vg1- og vg2 - klassene. Tillitselevane i dei ulike klassene blir med på dei klassevise møta 

For foreldre til elevar i vg3 vert det felles samling i kultursalen med fokus på russetid og eksamen etter fellesmøtet. 

Send oss gjerne ei melding om det er tema de ynskjer vi skal ta opp på felles samlinga eller på klasseforeldremøta. 

Sandane 02.03.26 

Helsing Tove Hanne Ommedal   

rektor Firda vgs