Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte vg1 og vg2

Ungommar i demonstrasjon med plakatar

Tysdag 31.01.2023 kl 1830 her på skulen

Foreldre og føresette til elevar i vg1 og vg2 skuleåret 22-23

Det er januar og 1.termin av skuleåret 22-23 er over. Det har vore ein flott haust der det har skjedd mykje. Det store høgdepunktet var nok jubileumsveka vår i september. Det vart ei flott veke med demokrati og medborgarskap som tema.

Som eg sa sist vi var samla. Det er svært viktig for oss å ha eit godt samarbeid med dykk som er foreldre og føresette til ungdommane våre. Vi inviterer difor til ny samling tysdag 31.01 kl 18.30 her på skulen. Vi startar med felles økt i kultursalen og fortset med klassevis samlingar etterpå. Aktuelle tema i felles økta er læringsarbeid, korleis få fram eleven sin kompetanse, frammøte og elevundersøking.

Desse tema vil vi følgje opp i klasseforeldremøte etter at vi er ferdige med felles delen. Elevane som går studiespesialiserande vil i denne økta og få informasjon om val av programfag i vg2 og vg3. Tillitselevane i klassa blir med på klasseforeldremøtet. Send oss gjerne ei melding om det er tema de ynskjer vi skal ta opp på felles samlinga eller på klasseforeldremøta.

Det er fint for oss å vite nokolunde kor mange som kjem. Vi ynskjer difor at de sender påmelding til postfirv@vlfk.no innan fredag 27.01.   

Sandane 18.01.23

Helsing Hallgeir Hansen

rektor Firda vgs