Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til foreldremøte vg1 og vg2

Valtorg på skuleplassen med mange elevar og partiboder

Foreldre og føresette til elevar i vg1 og vg2 skuleåret 23-24

Foreldre og føresette til elevar i vg1 og vg2 skuleåret 23-24

Velkomen til nytt skuleår, særleg velkomen til de som er foreldre til elevar i vg1 og kanskje har dykkar fyrste møte med Firda vgs. Her på Firda er vi godt i gang. Det har vore ein innhaldsrik og spennande start for både elevar og tilsette med stor aktivitet både på dagtid og på kveldstid.

Eit godt samarbeid med foreldre og føresette er viktig for å bygge eit godt skule- og læringsmiljø.

Vi ynskjer difor å inviterer dykk som foreldre og føresette til ungdommane i vg1 og vg2 her på Firda vgs velkomne til samling tysdag 12.09 kl 18.30. Vi møtest til ei felles økt i kultursalen. I denne økta vert hovudtema trygt skulemiljø, frammøte, samarbeid heim – skule, kunstig intelligens.

Etterpå vert det klasseforeldremøte. Her vil fokuset vere klassemiljø, informasjon om læringsarbeidet, planar for skuleåret og oppfølging av tema frå felles delen. I denne delen vil og tillitselevane i klassa delta.

Det er fint for oss å vite nokolunde kor mange som kjem. Vi ynskjer difor at de sender påmelding til postfirv@vlfk.no innan fredag 08.09 kl 10.   

Sandane 30.08.23

Helsing Hallgeir Hansen

rektor Firda vgs