Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vidaregåande skule for 9. trinn

Vinterbilde av hovudbygget og skuleplassen ved Firda vgs

20. -  21. mars er det hospitering ved Firda vgs for 9. trinn.

Kjære 9.klassing! Du er hjarteleg velkomen til å hospitere ved Firda vgs måndag og tysdag 20.- 21.mars! 

Desse dagane vil vi gi deg eit innblikk i kvardagen i dei ulike utdanningstilboda våre. Vil du besøkje idrettsfag, dans eller drama, tek du med treningskle og får vere med i praktiske øvingar. På musikk tek du med instrumentet ditt (viss det er bærbart), og vil du besøkje studiespesialisering må du ha på kle du kan vere ute i. 

Vi gler oss til å ta i mot deg og er glad for at du vil komme å sjå kva tilbod vi har på Firda vgs. For plassane på studiespesialisering gjeld nærskulepoengordninga, men siste åra har alle som har søkt også fått tilbod om plass. For idrettsfag, musikk, dans og drama gjeld ikkje nærskulepoeng. Her stiller alle likt! 

Du som har veldig lang reiseveg, vil få tilbod om overnatting på skulen. Vi ser fram til å møte deg!  

Her finn du program for dei ulike utdanningstilboda våre:

Program dans

Program drama

Program idrett

Program musikk