Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vidaregåande skule

Bilde av Firda vgs.

Hospitering for 10. klasse måndag 24. og tysdag 25. oktober 2022.

Kjære 10.klassing! Du er hjarteleg velkomen til å hospitere ved Firda vgs måndag og tysdag 24.- 25.oktober!

Gjennom desse dagane i slutten av oktober vil vi gi deg eit innblikk i kvardagen i dei ulike utdanningstilboda våre. Vil du besøkje idrettsfag, dans eller drama, tek du med treningskle og får vere med i praktiske øvingar. På musikk tek du med instrumentet ditt (viss det er bærbart), og vil du besøkje studiespesialisering må du ha på kle du kan vere ute i.

Vi gler oss til å ta i mot nye hospitantar frå skulane rundt om i fylket som vil komme å sjå kva tilbod vi har på Firda vgs. For plassane på studiespesialisering gjeld nærskulepoengordninga, men siste åra har alle som har søkt fått tilbod om plass. For idrettsfag, musikk, dans og drama gjeld ikkje nærskulepoeng. Her stiller alle likt!

Du som har veldig lang reiseveg, vil få tilbod om overnatting på skulen. Vi ser fram til å møte deg!

Program drama

Program dans

Program idrett

Program studiespes

Program musikk

Film om skulen.