Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vgs for 9. trinn

Elevar samla på skuleplassen

18. og 19. mars er det hospitering ved Firda vgs for 9. trinn

Kjære 9.klassing! Du er hjarteleg velkomen til å hospitere ved Firda vgs måndag og tysdag 18.- 19.mars!

Desse dagane vil vi gi deg eit innblikk i kvardagen i dei ulike utdanningstilboda våre. Vil du besøkje idrettsfag, dans eller drama, tek du med treningskle og får vere med i praktiske øvingar. På musikk tek du med instrumentet ditt (viss det er bærbart), og vil du besøkje studiespesialisering må du ha kle du kan vere ute i.

Vi gler oss til å ta i mot deg og er glad for at du vil komme å sjå kva tilbod vi har på Firda vgs. For plassane på studiespesialisering gjeld nærskulepoengordninga, men siste åra har alle som har søkt også fått tilbod om plass. For idrettsfag, musikk, dans og drama gjeld ikkje nærskulepoeng. Her stiller alle likt!

Du som har veldig lang reiseveg, får tilbod om overnatting på skulen.

Vi ser fram til å møte deg!

Her finn du program for dei ulike utdanningstilboda våre;

Program idrett

Program musikk

Program dans

Program drama