Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vgs

Kvitt trebygg med rødt tak og skuleplassen i framgrunnen.

Hospitering for 10. klasse måndag 19. og tysdag 20. oktober

Kjære 10.klassing! 

Du er hjarteleg velkomen til å hospitere ved Firda vgs måndag og tysdag 19.-
20.oktober! 
Gjennom desse dagane vil vi gje deg eit innblikk i kvardagen i dei ulike 
utdanningstilboda våre. Vil du besøkje idrettsfag, dans eller drama, tek du med treningskle og får vere med i praktiske øvingar. På musikk tek du med 
instrumentet ditt (viss det er berbart), og vil du besøkje studiespesialisering må du ha på kle du kan vere ute i. 

Vi startar dagen kl 10.15 og avsluttar kl 14.30. 
Vi gler oss til å ta i mot deg og vise kva tilbod vi har på Firda vgs. For plassane på studiespesialisering gjeld nærskulepoengordninga, men siste åra har alle som har søkt fått tilbod om plass. For idrettsfag, musikk, dans og drama gjeld ikkje nærskulepoeng. Her stiller alle likt.

Måndag ettermiddag er du velkomen til Open skule der vi har ulike aktivitetar som du kan vere med på. Vi har biljard, bordtennis, ulike spel og aktivitetar.
Har du lang reiseveg og ser at det vert vanskeleg å kome seg fram og tilbake, så snakk med rådgjevaren din. Rådgjevar kontaktar oss, og vi tilrettelegg for 
overnatting på skulen dersom nokon har behov for det. I den samanheng serverer vi middag måndag ettermiddag og frukost tysdag.

Dei som overnattar må ha med sovepose og liggeunderlag.

Vi ser fram til å møte deg!

Sjå program for dei ulike utdanningstilboda under:

Program dans