Hopp til hovedinnhold

Jubel på Firda etter dans- og dramavedtak

Elevar, rektor og avdelingsleiar jublar på skuleplassen.

Tusen takk for all støtte i jobben med å få vidareført tilbodet neste skuleår.

Det var stor glede og jubel på Firda torsdag 18.04 då det vart klart at vg1 dans/drama vert vidareført som utdanningsprogram ved Firda vgs skuleåret 24-25. Det har vore eit enormt engasjement frå mange for å få dette på plass. Vi vil takke alle som har engasjert seg og støtta oss i denne saka.

Det betyr mykje for skulen, for elevane og for framtidige elevar ved skulen. Vi er sikre på at dette og er viktig for kulturen sin plass i fylket vårt. Tusen takk, vi ser no fram til vidare samarbeid for kulturfaga i Vestland!

Helsing Hallgeir Hansen, rektor Firda vgs