Hopp til hovedinnhold

Ledige skuleplassar dans/drama

Elevar frå musikk/dans/drama på scena under musikalen Footloose.

Framleis ledige plassar musikk/dans/drama

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interessa di med skule, og oppnå generell studiekompetanse.

Firda vgs er den einaste vidaregåande skulen i Vestland fylke som har alle tre programområda innan musikk, dans, drama samla på same skule. Dette gjev gode moglegheiter for tverrfagleg samarbeid mellom dei kreative linjene, godt fagmiljø og spanande prosjekt på tvers av MDD-klassane.

Likar du å vere kreativ og samarbeide med andre? Synast du det er spanande å fortelje ulike historier, utforske roller og skape teater med andre? Då er dramalina på Firda noko for deg!

På danselinja får du lære meir om dans og fordjupe deg i ulike stilar som ballett, klassisk og moderne dans.

Er du glad i song og musikk, eller spelar eit instrument, så kan musikklinja vere noko for deg. Her får du generell studiekompetane samtidig som du fordjupar deg i interessa di.

Les meir om desse tre linjene her på heimesida vår under fana "utdanningstilboda våre".