Vg3 drama ved Firda vgs står bak denne framsyninga torsdag 19. november kl 19 i vernebygget for Holvikejekta.
Finst det noko som er heilt og komplett einstydande? Om vi seier eit ord, kva meining ligg i det ordet? Kva for assosiasjonar får du? Med så mange moglegheiter skapar det kanskje forvirring – eller er det slik at moglegheitene er mest filosofi, fjas og tankespinn?
Vg3 Drama inviterer til ein sjølvlaga framsyning i jektebygget. Med utgangspunkt i ordet ‘frigjering’ og bygget dei spelar i har elevane utforska tematikk, rørsle og tekst for å lage ein spennande framsyning som er, ja, ope for tolking.
