Hopp til hovedinnhold

Open kveld 10. klasse-elevar og føresette

Elevar på uteområdet framfor gamlebygget.

Tysdag 21. januar frå kl 18.00. på Firda vgs.

Open kveld ved Firda vgs

Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomne til open kveld her på Firda vgs tysdag 21. januar frå kl 18.00 Samlinga startar i kinosalen. Her blir det informasjon om skuletilboda våre, open skule, om det å bu på hybel, om draumeskulen m.m.

Etter felles samlinga vert det mogeleg å møte elevar og tilsette frå dei ulike utdanningstilboda. Her får du høve til å stille spørsmål og prate med dei som jobbar med faga til dagleg.

Vi vil og legge til rette for omvising på skulen for dykk som ynskjer det.