Onsdag 23.september kl 18.30 i kultursalen.
Til foreldre og føresette for elevar ved Firda vgs skuleåret 2026/ 2027
Velkomne til nytt skuleår, og spesielt velkomne til dykk som er foreldre og føresette til elevar i vg1 og kanskje har dykkar fyrste møte med Firda vgs.
Første vekene på Firda har vore prega av stor aktivitet! Andre veka tok vi med oss heile vg1 på tur til Nesholmen leirstad. Her var målet å bli kjent med kvarandre – både elevar og lærarar. Det vart kjekke dagar med ulike aktivitetar i fantastisk sommarvér.
Eit godt samarbeid med foreldre og føresette er viktig for å bygge eit godt skule- og læringsmiljø, og vi ønskjer å invitere foreldre og føresette til møte i
Kultursalen ved Firda vgs onsdag 23.september kl 18.30. – ca kl 19.15.
Hovudinnhaldet i samlinga vert informasjon om korleis vi jobbar med trygt og godt skulemiljø, med lærelyst og meistring, frammøte og samarbeid heim – skule.
Etter samlinga i Kultursalen, vert det klasseforeldremøte for vg1 og vg2 i klassene sine respektive klasserom fram til ca kl 20.15. i lag med kontaktlærarar og elevtillitsvalt frå klassa. Her vil fokuset vere klassemiljø, informasjon om læringsarbeidet, planar for skuleåret og oppfølging av tema frå fellesdelen.
Føresette i vg3, er velkomne å vere igjen i Kultursalen rett etter fellesmøtet. Her kan vi orientere kort om korleis året som avgangselev vil sjå ut. Her vil nok både eksamen og russetid stå sentralt.
Det er fint for oss å vite nokolunde kor mange som kjem. Vi ynskjer difor at de sender påmelding til postfirv@vlfk.no innan fredag 18.09.
Sandane 07.09.26
Helsing Tove Hanne Ommedal
rektor Firda vgs
