Det nærmar seg skulestart, og vi oppmodar dei som har rett til skuleskyss om å søke om dette før oppstart av nytt skuleår.
Elevar som skal ha skuleskyss, må bestille dette via lenka og laste ned appen
Skyss billett på mobilen sin. Dette erstattar tidlegare skuleskysskort.
• Dette gjeld også elevar på vg 2 og vg 3., då abonnementet vert deaktivert i
sommarferien.
Slik bestiller du via app på mobil;
• Kryss av for at du ønskjer å få billetten på mobil i søknaden om skuleskyss og
oppgje telefonnummeret ditt.
• Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
• Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer i søknaden
• Når du har registrert at du ynskjer skuleskyssbillett på mobil og søknaden er
godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billettar” i appen på alle skuledagar
• Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
• Det vert sendt ut to billettar kvar dag. Éin frå heim til skule / praksisplass som kan nyttas i tidsrommet frå kl.06:00-12:00 og éin frå skule / praksisplass til heim som kan nyttast i tidsrommet kl.12:00-22:00.
