Hopp til hovedinnhold

Skulestruktursaka

Eelvar og lærarar samla på skuleplassen

Kvifor skal vi ha vi ha studiespesialiserande og helse- og oppvekstfag som utdanningstilbod på Firda vgs? Les argumentlista her.

Firda vgs opplever no ei av dei mest krevjande sakene i skulen si 100 år lange historie. Vi treng engasjement frå alle støttespelarar, alle Glopperarar, elevar, tidlegare elevar, foreldre, næringsliv og alle som er glad i skulen. 20. mai er det frist for å uttale seg om saka, sjå vlfk.no.  Her kan alle uttale seg, privatpersonar, lag, organisasjonar, bedrifter +++. Vi håper på mange støtte erklæringar for at studiespesialiserande fortsatt skal vere tilbod ved skulen og at skulen skal få starte opp eit yrkesfag. Vedlagd finn de argumentliste og de finn prinsippa som fylkesutvalet har lagt til grunn for arbeidsgruppa sitt arbeid. Takk for engasjement og støtte

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs

Les argumentlista her