Hopp til hovedinnhold

Støtteskriv frå Teater Vestland og Opera Nordfjord

Elevar på scena under ein av musikalane til Firda vgs.

I samband med justering av opplæringstilbodet for komande skuleår har fylkesdirektøren for opplæring foreslått at vg1 dans/drama ved Firda vgs ikkje skal vidareførast komande skuleår.

Skulen har motteke massiv støtte frå både organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar. Mange har engasjert seg for å støtte opp om opplæringstilbodet dans og drama, blant anna Teater Vestland og Opera Nordfjord. Dei har laga eit skriv som dei har sendt til Hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland Fylkeskommune.

Du kan lese støtteskrivet frå Teater Vestland og Opera Nordfjord her.