Hopp til hovedinnhold

Velkomen til Firda vidaregåande skule

Elevar på skuleplassen framfor skulen.

Informasjon til nye elevar ved skulen

​Velkomen til nytt skuleår

Måndag 15.08 er vi i gang igjen med nytt skuleår ved Firda vgs. Det er stas å få lov til å ynskje alle velkomen til skulen. Vil særleg ynskje vg1 elevar og nye vg2 og vg3 elevar hjarteleg velkomen til Firda. Vi gler oss til nytt år og til å bli kjent med deg.

Vi har ein spennande haust framfor oss. Det har skjedd mykje i skule-Noreg dei siste åra. Vi har fått nye læreplanar, vi har vore gjennom store endringar med meir nettbasert opplæring og vi står framfor ei stor reform som heiter fullføringsreforma. Her handlar det fyrst og fremst om alle ungdommar sin rett til å meistre i skulen. 

Komande skuleår vert og eit spesielt år her ved skulen. Skuleåret 2022-23 er det 100 år sidan fyrste kullet starta på Firda. Dette skal feirast. Det vert både boklansering, jubileumsveke og ulike arrangement gjennom skuleåret. Her er det mykje å gle seg til.

På heimesida vår finn du nyttig informasjon om skulen og skuleåret. Det er ein god ide å bruke litt tid på heimesida og på den måten gjere seg kjent med skulen og kva som skal skje gjennom skuleåret.

Då vil eg ynskje alle hjarteleg velkomen til fyrste skuledag hausten 22. Vi startar skuleåret med samling for alle i kultursalen måndag 15.08 kl 08.30  

Helsing Hallgeir Hansen

Rektor Firda vgs

 

Praktisk informasjon

Søk Lånekassen om stipend/lån: https://lanekassen.no/nn-NO/

  • Alle som går på vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på.
  • Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.
  • Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller andre særlege årsakar til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend.
  • Du kan søke om stipend/lån no. Lånekassen behandlar saka så snart du har fått bekrefta skuleplass.

 

Avtale om lån av læremiddel: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

  • Du kan låne bøker til utdanninga di på vidaregåande skule gratis. Dette krev at du signerar på ein låneavtale med fylkeskommunen.
  • Dersom elev er under 18 år, må også føresett signere på avtalen.
  • Klikk på lenke og eleven loggar seg inn med bank-id, les gjennom avtalen og signerar digitalt.
  • Når elev har signert, vil det gå ein sms til telefonnummeret til den føresette elev har oppgjeve under si signering. Sms vil innehalde ei lenke. Den føresette må klikke på lenka, logge seg inn med bank-id og signere avtalen digitalt.

 

Lenke til bestilling av elev-pc: Elev-PC - Vestland fylkeskommune

  • Tilbodet gjeld kun for vg 1 -elevar. Du vil difor ikkje få tilbod om kjøp av elev-pc med rabattert pris gjennom fylkeskommunen i vg 2 eller vg 3.
  • Ved bestilling er det elev som må logge seg inn for å bestille. Dersom andre enn vg1-elev med bekrefta skuleplass loggar seg inn, vil ikkje bestillinga bli godkjent.

 

Lenke til samtykkeskjema for bilder: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/samtykke_bilde

  • Elev loggar seg inn med bank-id for å signere.

 

Elevar med rett til skuleskyss må bestille dette her: Velkommen til Skyss Elev! - Skyss Elev (vlfk.no)

  • Elevar som ikkje har hatt skuleskysskort på vidaregåande skule tidlegare, vil få nytt kort utlevert på skulen i løpet av dei første vekene etter skulestart.
  • Elevar på vg 2 og vg 3 som skal vidareføre skuleskyssen sin, brukar det skuleskysskortet som du har fått på vg 1. Kortet blir deaktivert i sommarferien. Du må aktivere det på nytt inne på lenka.

 

Idrettsfag

  • Elevar som skal starte på idrettsfag bør nytte sommaren til å førebu seg på ein kvardag med mykje trening. Legg eit godt grunnlag i sommar, slik at ikkje overgangen blir for stor når de startar opp til hausten.
  • Det kjem ein overnattingstur i løpet av dei fyrste vekene. Om du er hybelbuar er det lurt å ta med seg sovepose, liggeunderlag og turkle til skulestart. Har du sykkel er det fint om du tar med den også. Du må og ha gode innesko til bruk i hallen og gode løpesko til bruk ute.
  • Som elev på idrettsfag får du utvida utstyrsstipend.

 

Hybel

Skulen har tidlegare forsøkt å administrere ei liste over tilgjengelege hyblar. No går det meste av annonsering kring hyblar føre seg på Facebook og det er vanskeleg for skulen å halde ei oppdatert liste, spesielt under ferieavvikling. Vi anbefaler difor alle som er på jakt etter hybel å nytte seg av facebookgruppa "Kjøp, salg, gje vekk i Gloppen". Her kan du finne hyblar som er lagt ut for utleige og/eller du kan legge ut eigen annonse. 

 

Open skule

Miljøkoordinator Liv Ingun Holvik og resten av dei tilsette ved skulen ynskjer deg og klassen din velkommen til Firda vgs og open skule. Gjennom open skule ynskjer vi å legge til rette for sosiale møteplassar på skulen og utanom vanleg skuletid. Det er eit lavterskel tilbod med mat, aktivitetar og prat. Dette skal vere ein sosial arena for trivsel og godt skulemiljø.

Alle på skulen har eit ansvar for å bidra til eit godt skulemiljø. Nokre elevar har meldt seg til å ta særleg ansvar for alle som er nye. Dei vert kalla elevmentorar. Dette er ei gruppe på ca 20 vg2 og vg3 elevar. Elevmentorane vil vera tilgjengeleg for deg og klassen gjennom heile skuleåret, men ekstra mykje dei første vekene. Du kan  spørje om alt du lurer på og dei vil også vise deg rundt på Sandane og bli med deg på Open skule.

Open skule finn du i kjellaren i A-bygget. Her er planen for dei to fyrste vekene av skuleåret:

Veke 33

   

Måndag 15. august

Konsert og grilling på skuleplassen

Kl. 18.00

Tysdag 16. august

Gratis suppe. Bli kjent kveld.  Vi spelar spel, biljard, bordtennis m.m.

Kl. 19.00

Onsdag 17. august

Aktivitetar på Open skule. Volleyball om det er bra ver.

Gratis kvelds

Kl. 18.00

 

Kl. 19.00

Torsdag 18. august

Bingo. Enkel servering. Gratis

Kl. 18.00

Veke 34

 

 

Måndag 22. august

Vi serverer vafler så langt det rekke. Gratis

Nachosbolle kr 20.-

Kl. 19.00

Tysdag 23. august

Tur til TIN-CAMP /grilling. Vg1 elevar og elevmentorar er spesielt inviterte, men alle kan bli med. Tur til Draumekvila og Holvikfossen, kjærleikskogen for dei som ynskjer det.

Bli kjent i området.

Kl. 18.00

Onsdag 24. august

Aktiviteter. Meir informasjon kjem.

Kvelds på Open skule

Kl. 18.00

kl. 19.00

Torsdag 25. august

Enkel servering, kahoot

Kl. 19.00